Norsk English Nederlans Deutsch
Sjøbakken Camping

Velkommen til Sjøbakken Camping

Overnatt rolig og trygt på siste campingplass langs RV60 før eit besøk i f.eks. Ålesund neste dag. Flott utgangspunkt for turer i skog og mark.

Sjøbakken Camping er eit godt og rimeleg boalternativ sentralt plassert i hjartet av Sunnmøre. Du finn oss omlag 1,5 kilometer syd for Aure sentrum i Sykkylven kommune.

Vi har gode kommunikasjonar med mellom anna nattferge til Ålesund. Samtidig er ein dagstur til den kjende naturperla Geiranger absolutt innan rekkevidde.

Bygda er omkransa av høge fjell som innbyr til mange spanande utfordringar og naturopplevingar. For den som liker seg best i lavlandet, kan vi eksempelvis foreslå ein båttur på Sykkylvsfjorden. Mange har oppdaga at Sykkylven er ei bygd det er lett å bli glad i!

Du er alltid velkommen til eit hyggeleg opphald på Sjøbakken Camping. Vi held ope året rundt!