Aktiviteter og muligheter
Sjøbakken Camping er eit idéelt utgangspunkt for fotturar i eit sjeldant vakkert fjell-landskap.
Er du interessert i sportsfiske, kan du til dømes finne rekreasjon i den fiskerike elva Straumen, som er den "kortaste lakseelva i verda." Aure-elva, i sentrum av bygda, er ei anna god lakseelv: I sesongen 2000 vart det fiska vel 2500 kg. Og det er godt med fiskekort til sals. Du kan også prøve fiskelukka i Sykkylvsfjorden. Vi leiger ut båt med motor. Prisen er 60 kroner pr. time inklusiv bensin. Lån av fiskeutstyr kan ordnast.
Vinterstid representerer Sykkylven Skisenter eit eldorado for mange ski-interesserte. Bygda kan også by på mange gode fiskevatn. Vi gir deg informasjon om fiskekort. Ved Haugneset, 1 km. frå campingplassen, er det ein fin badeplass.
Attrakasjonar i Sykkylven
- Sykkylven kyrkje - eit praktfullt byggverk som absolutt er ein tur verdt! Kyrkja er tilgjengeleg for besøk i sommarhalvåret.
- Sykkylven naturhistoriske museum - viser oppbygd fuglefjell, vinterlandskap, våtmark og skogsmiljø for fugler og dyr. Muséet ligg i gangavstand ca. 200 meter frå campingplassen.
- Aursnes fergestad - gravrøyser nær fergestaden.
- Norsk Møbelfagleg Senter - eit nasjonalt dokumentasjons- og utstillingssenter.
- Ikornnes Båtforening - Badeanlegg og restaurant - gåavstand fra campingplassen. Sjekk åpningstider ved å klikke på linken.
Attraksjonar i nærområdet veleigna for dagsturar
- Sunnmøre museum, Ålesund akvarium, Fjellstua
- Mer informasjon om Ålesund finner du på Visit Ålesund.
- Geiranger: Eit av Norges mest kjende turistmål, og ein del av verdas kulturarv.
- Hellesylt - Norangsdalen - Øye: Vill og vakker natur.
- Vi har også en molo med flytebrygge og bademuligheter